Tore Holte Follestad Foto Kai Myhre C
Tore Holte Follestad Foto Kai Myhre C | © Kai Myhre

(C+) Hurra - du har fått klamydia!

Inlagd av: Tore Holte Follestad

Publicerat:
Senast uppdaterad:

Dette er kanskje ei uvanleg overskrift, og heller ikkje ei vanleg tilbakemelding om ein har fått klamydia. 

Tradisjonelt vert vi heller møtt med det motsette om prøven er positiv. Vi skal skamme oss over å ha blitt smitta av ein seksuelt overførbar infeksjon. Vi skal bokstaveleg tala kjenne at det svir litt. 

Kjenn etter kva orda betyr; seksuelt overførbar infeksjon. Kjønnssjukdom. Du har vorte smitta med klamydia. Prøven du tok er positiv. Det siste er forresten eit tankekors; du får vite at prøven er positiv og det høyrest jo positivt ut?

For ei tid attende, vart kampanjen «Norway - the land of chlamydia» køyrd utan- og innanlands. Kampanjen spelte på nasjonale strenger; vakre menneske i bunad, i vakkert, norsk eventyrlandskap. Bodskapen var klar: Sjølv vakre menneske i eit vakkert land kan ha klamydia, og du kan kjøpe kondoma dine på 7-Eleven. 

Helsedirektoratet gjennomførte og ein kampanje for å auke kondombruken. Bodskapen i den kampanjen var «Bruk kondom din f***e», «Bruk kondom din p**k» og «Bruk kondom din rumpe». To ulike tilnærmingar, to måtar å snakke om seksuelt overførbare infeksjonar og kondombruk. Tenkjer vi nokon gong over kva vi seier, korleis vi seier det, korleis vi vert opplevd og kva vi eigentleg høyrer?

Klamydia i Noreg

Åtte prosent av alle positive klamydiaprøver i Noreg vert tekne på «Sex og samfunn» sine tre, små toalett i Oslo. Talet som får påvist klamydia i Noreg ligg stabilt på rundt 24 000 i året. Med andre ord er det ein populær infeksjon som er komen for å bli. 
Når pasienten kjem til «Sex og samfunn» for behandling, ser vi at dei reagerer på ulike sett. Pasienten kan vere trist, lei seg, flat, flau, likegyldig, stolt eller gir blankt faen. Nokre ber om behandling med det same, medan andre spør om det i det heile er nødvendig med antibiotikakuren. Den tradisjonelle tilnærminga er at «jau, det må du», uavhengig av kva du sjølv måtte tenkje og ynskje. 

Korleis vi møter pasientane

Uansett kva intensjon vi som helsearbeidarar har når vi møter pasientar som har fått påvist klamydia, så klarer vi ikkje å skjule at det ligg noko bak det profesjonelle andletet. 
Orda vi vel klarer ikkje å overdøyve det stemma og kroppsspråket vårt kommuniserer. Og det vert ikkje betre når vi avsluttar konsultasjonen med den obligatoriske oppmodinga om å bruke kondom, utan eigenrefleksjon om kva det kan bety å ta fram kondomet. 
Diverre signaliserer kondomet at det er noko der ute som vi må beskytte oss imot og som kan ta frå oss noko av gleda ved å ha sex. Det signaliserer at du har noko som eg ikkje vil ha, eg stoler ikkje på deg og vert difor lystdreparen. Kvar vil vi eigentleg med dette?
Så – kva er det som er positivt med klamydia, om vi ser bort frå alle, som på grunn av infeksjonar, har ein jobb å gå til kvar dag?

Det er lov å rope hurra!

Du våger og du har tatt for deg. Du har draget. Du har hatt sex. Du kjenner deg kanskje fri og spontan. Du tørr å nærme deg nokon og tørr å satse for å bli likt. Du klarer å bli avvist og tørr å prøve på nytt. 
Ein klamydiainfeksjon kan vere eit høve til refleksjon om eigen seksualitet og relasjonen ein er i. 

Nokre gonger kan ein trenge hjelp for å kjenne etter om relasjonen er god å vere i og om sexen kjennes vidunderleg ut. Er eg subjekt eller objekt i mitt eige liv, eller let eg det berre skje?
Som helsepersonell er ein klamydiainfeksjon og eit høve til refleksjon, utan at vi alltid tenkjer over det. Vi har på førehand bestemt oss for korleis vi skal møte pasienten, utan å tenkje over om vi påfører pasienten skamkjensle når vi heller burde juble over god sex. Vi påfører skam i staden for å gi pasienten fridom til sjølv å velje kva som er best.

Bort med skamkjensla

Skamkjensle er ingen god samtaleopnar og får heller ikkje nokon til å bruke kondom eller til ikkje å bli smitta av seksuelt overførbare infeksjonar. Kampanjen «Norway – the land of chlamydia», brukte humor, glede og positivisme for å få opp salet av kondom.
 
Eg lurer på kva som hadde skjedd om vi prøvde å ta bort skamkjensla frå klamydiakonsultasjonen, at vi møtes som likeverdige og vi som helsepersonell heller roste pasienten. 
Eg ynskjer meg fleire helsearbeidarar som vil bruke ei god seksuell oppleving til å samtale om korleis få fleire slike, i staden for å påføre skam. Og kanskje vi då kan få ned talet som jublande kan skryte av ein klamydiainfeksjon?

Om forfatteren:
Tore Holte Follestad
Leder i Norsk forening for Klinisk Sexologi og Nordisk forening for klinisk sexologi, samt assisterende daglig leder ved "Sex og samfunn"

Relaterade artiklar